Dawson’s Creek sesong 1

13 episodar.

Dawsons Creek ses1Sett bort frå at ungdommen her snakkar på altfor vidtgåande måte, og er hakket for veslevaksne for alderen etter den måten eg tolkar 15 og 16 år gamle for å vere, så er serien ein samleboks av intelligente meiningar, miksa med dumme avgjersler, alt frå dei same folka. Ikkje akkurat det mest trulege scenarioet frå mitt synspunkt. Men det er dennee, som med min TV-historie i betrakning, nye måten å behandle dramaet på som trekkje til seg merksemda mi, og gjorde meg interessert i å halde fram serien etter å ha sett pilotepisoden.

Etter kvar som serien går sin gang, og trass at altfor mange av hendingane etterkvart får meg til å riste irriterande på hovudet, for å få vekk dei hjernecellene som har plukka opp det som skjedde, så fengslar utviklinga i rollefigurane meg så eg blei hekta. Ironisk nok. Tingen er med denne type tenåringsdrama, som med «The O.C.» og «Smallville», og ikkje minst «The Mountain», eg blir hekta!

SÃ¥ heilt til slutt, mange vil sjÃ¥ pÃ¥ «Dawson’s Creek» som nok eit typisk, tullete tenÃ¥ringsdrama, med elendige handlingstrÃ¥dar og mÃ¥teleg skodespel. Men eg vel Ã¥ sjÃ¥ forbi dette nÃ¥r eg dukkar ned i ei hav av metaforar og filmreferansar, og ser fram til Ã¥ sjÃ¥ meir i denne sjangeren som byr pÃ¥ det same som det «The O.C.» kan. Kanskje neste prosjektet mitt blir «Beverly Hills, 90210» eller «One Tree Hill»?

Men seriøst, som konklusjon, «Dawson’s Creek» er ikkje verst. Eg hadde 10 godt underhaldande timar forrige veke. Vel, faktisk fleire, men berre 10 med «Dawson’s Creek».

Publisert 28. februar 2006 kl. 00:45 i TV Ferdig merka som , .

Skriv ein kommentar