28. februar 2006
Dawson’s Creek sesong 1
IMDb: 6.3/10 from 16,881 users
Sett bort frå at ungdommen her snakkar på altfor vidtgåande måte, og er hakket for veslevaksne for alderen etter den måten eg tolkar 15 og 16 år gamle for å vere, så er serien ein samleboks av intelligente meiningar, miksa med dumme avgjersler, alt frå dei same folka. Ikkje akkurat det mest trulege scenarioet frå mitt synspunkt. Men det er dennee, som med min TV-historie i betrakning, nye måten å behandle dramaet på som trekkje til seg merksemda mi, og gjorde meg interessert i å halde fram serien etter å ha sett pilotepisoden.
Etter kvar som serien går sin gang, og trass at altfor mange av hendingane etterkvart får meg til å riste irriterande på hovudet, for å få vekk dei hjernecellene som har plukka opp det som skjedde, så fengslar utviklinga i rollefigurane meg så eg blei hekta. Ironisk nok. Tingen er med denne type tenåringsdrama er at eg blir hekta!
Så heilt til slutt, mange vil sjå på Dawson’s Creek som nok eit typisk, tullete tenåringsdrama, med elendige handlingstrådar og måteleg skodespel. Men eg vel å sjå forbi dette når eg dukkar ned i ei hav av metaforar og filmreferansar, og ser fram til å sjå meir i denne sjangeren som byr på det same som det The O.C. kan. Kanskje neste prosjektet mitt blir Beverly Hills, 90210 eller One Tree Hill?
Men seriøst, som konklusjon, Dawson’s Creek er ikkje verst. Eg hadde 10 godt underhaldande timar forrige veke. Vel, faktisk fleire, men berre 10 med Dawson’s Creek.
