7. desember 2006

Dawson’s Creek sesong 6

Av Asbjørn Ness

Dawson’s Creek sesong 6

IMDb: 6.3/10 from 16,881 users

Eg hadde alt klart om kva eg skulle skrive her, men det var før eg såg dei nest siste to episodane og den doble sesongfinalen. Uansett er det tåpeleg å starte ved slutten, så la meg vurdere sesongen frå starten av.

All good things must come to an end.

Sjette sesong held fram der femte sesong slapp tråden, det fleirtalet styrer på i Boston mens Dawson hoppar litt fram og tilbake mellom bønnebyen og solfyllte California. Utgangspunktet er sådan greitt, men det som pregar serien er at dei fleste ideane som koplar serien er oppbrukt. Dette har skaparane prøvd å bøte på ved å bruke meir tid på gjesterollar, nokon som gir inntrykk av at Dawson’s Creek ikkje har noko å knytte seg rundt. Episodane finn av og til på å utelate nokon av stjernene i serien, som eit par episodar her då Dawson er borte vekk, og eit par episodar der då Jack er på ferie i Europa. Det gir eit inntrykk av at serien ikkje er ei prioritet, og eg blir utålmodig.

Min faktiske meining om serien er at den kunne ha vore kutta ned til kanskje halvparten av sesongane. På ei anna side har serien gitt meir enn nok tid til å bli kjent med karakterane på ein slik måte at serien har skapt inntrykk hjå meg i 2006. Å sjå dei avsluttande episodane frå den vanlege tidsepoken og den doble sesongfinalen som foregår fem år etter er vemodig, men på ei anna side greitt å få overstått. Tolk meg ikkje feil, hadde eg mislikt serien så hadde eg forkasta den for lengst. Men å bli ferdig med ein serie som over lengre tid har vore ein serie å komme tilbake til når ingenting anna har venta, det vil merkast.

Så skal det føyast til i likninga at eg er stor fan av tenåringssåper, tykkte første sesong av The O.C. var storslagen og framleis følger med på Smallville. Og eg avsluttar innlegget stilfullt: Er du som meg, er dette serien for deg!

Om innlegget