Dead Like Me: Life After Death (2009)
«Dead Like Me» fekk to sesongar når serien gjekk på Showtime i 2003-2004, den andre blei brått avslutta då sjåartala svikta, så serien fekk aldri ei skikkeleg avslutning. Dette er noko filmen «Dead Like Me: Life After Death», som nyleg kom rett-på-video, har hatt som mål å endre på.
Å samle gjengen fem år etter har tydelegvis vore ei vrien oppgåve, Mandy Patinkin som Rube og Laura Harris som Daisy Adair uteblir, og det merkast. Karakteren Daisy har blitt beholdt, men for hardbarka fans av serien blir det aldri det same med Sarah Wynter i denne rolla.
Utan Ellen Muth som George Lass ville dette aldri fungert, for å komplettere seriens univers hjelp det på at rollar som mora, søstera, jobbkollegaer og reaperkollegaer forutan dei to nemnte over alle er på plass med dei same skodespelarane som før.
Introduksjonen av karakterane og den raude tråden til serien er enkelt og effektiv. Målgruppa er nok gamle fans, men dei viktigaste poenga er oppsummert innleiingsvis, så nye skal også kunne få glede av dette. Sant glede er å ta litt i, som film er dette svakt, historien som går over halvannan time føles som den er frå ein litt for lang episode, og det sagt av ein som likte serien og kunne ta den som ein episode framfor ein film.
Dei store høgdepunkta uteblir. Det blir ikkje lagt skjul på at det viktigaste her er å styre det mot ein slutt for George (og familien hennar), iallfall blir det lite anna som betyr noko særleg utover i filmen. Caset, eller hovudhistorien, handlar om kaoset i reapergjengen etter bytte til ny sjef, og dette har blitt gått innpå tidlegare i serien, så noko nytt skjer det ikkje.
Som film eller episode er dette på sitt beste rundt middels. Men det ligg ei tilfredsstilling i å endeleg få ein slutt, og når den i tillegg er litt fin, samt gir rom for fleire meiningar, er det eigentleg heilt greitt å ha sett «Dead Like Me: Life After Death». Dog som film utan samanheng med resten av serien har den lite å stå for.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Hey! Er du tilbake?!? Bra!
Men hva syns du om serien? Jeg klarte aldri å bli helt glad i den, og fikk ikke sett ferdig de sesongene som var. Jeg syns den manglet litt sjarme og framdrift. Tok det seg opp (jeg så cirka 7 episoder)?
Til Hjorthen: Berre eit lite innlegg mot slutten av månaden, som det var i forrige og den før det igjen.
Til Julie: Blei veldig glad i serien og karakterane, så var ganske hekta på den og ser tilbake på den som ein av dei beste seriane eg har sett.
Samtidig som eg hugsa at dei siste episodane ikkje førte nokon veg og at det ikkje gjekk så mykje inn på meg at det aldri blei skikkeleg avslutta dengongen.
Men før det kom så langt så synst eg serien var skikkeleg god.
Hejsan!
Jag såg att du hade skrivit en kommentar på WP Movie Ratings pluginsidan. Du hade problem med att få datum att visa sig på annat språk än engelska. Tyvärr förstod jag inte riktigt hur du hade löst det därför undrar jag ifall du skulle kunna skicka din version av pluginet till mig? Jag tackar på förhand!