Dead Like Me sesong 2

15 episodar.

Dead Like Me ses2Den andre og siste sesongen av Dead Like Me, ein serie som diverre blei kansellert i oktober, 2004. Men eg ser på meg sjølv som ein forståelsesfull person, og har eit par idear om kvifor den aldri kom tilbake med ein tredje sesong. Du skjønnar, første sesong var god, og ideen var ny. Ein fin vri frå det eg får inntrykk av at er den typiske overnaturlege serien. Dead Like Me legg meir vekt på gode dialogar og sarkasme enn spesialeffektar. Ironien og sarkasmen gir ei betre djubde enn og krever nok litt ekstra frå publikum. Her er ingenting servert på eit sølvfat.

I sesong to vart det litt for mykje fram og tilbake når det gjaldt rollefigurane, utan at serien gjekk framover. Så eg ser heller at serien forblir med dei to gode sesongane enn å fortsette utan å våge å ta steget framover. Og at serien er stoppa framover å fortsette ved å hive inn reine parodiepisodar her og der. Tankane min ikring Dead Like Me tillet ikkje dette.

Så kva med slutten? Sidan eg ikkje har tenkt å øydelegge ved å røpe noko her, men heller foreslår at du ser dei to korte sesongane sjølv, så vil eg gjere det kort. Som mange andre seriar, er endinga noko open, men det blir gitt nok svar til at det går an å sette pris på slutten.

Publisert 18. februar 2006 kl. 17:49 i TV Ferdig merka som .

Skriv ein kommentar