Delicatessen (1991)

IMDb: 7.9/10 (13,750 votes)

DelicatessenDagens første film er ein fransk film av Jean-Pierre Jenuet, kanskje mest kjent for «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain», og Marc Caro, samarbeidspartneren til Jeunet ogsÃ¥ i «La Cité des enfants perdus» (som eg forøvrig vil sjÃ¥ veldig snart).

Me befinn oss i eit leiligheitskompleks i ei ukjent framtid då matmangelen herja, noko som går utover bl.a. vaktmestarane i dette komplekset. Nye blir leigd inn heile tiden, men etterkvart slakta til gode for dei faste leigebuarane. Louison, ein tidlegare sirkusartist, er siste tilskotet som vaktmestar, og blir med oss gjennom mange bisarre tilfeldigheitar og elles planlagte situasjonar som alle heng saman på ein eller anna merkeleg måte.

Eg hadde store forhÃ¥pningar til filmen etter Ã¥ ha lese om han, og nesten alle innfridde. Det som kanskje skuffa meg var at den ikkje blei sÃ¥ grotesk som eg hadde forestillt meg, men det var likevel ein fornøyelse Ã¥ sjÃ¥ filmen. Mange morosame situasjonar, stemningsfull musikk pÃ¥ lik linje med den eg hugsa frÃ¥ «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain», og elles detaljar i massevis. Ein god film.

7/10
Publisert 13. april 2006 kl. 00:29 i Alle, Comedy, Drama, Romance, Sci-Fi merka som , , , .

Skriv ein kommentar