Dellamorte Dellamore (1994)
Prisbelønna italiensk skrekkfilm av Michele Soavi, med Rupert Everett som Francesco Dellamorte, gravplassbestyraren som må drepe dei døde ein andre gong når dei vert zombiar.
Eg oppleve ein aukande sans for zombiefilmar, men dette er det mest oppskrytte tullet eg har sett innan sjangeren. Filmen som internasjonalt går under tittelen «Cemetery Man» er full av manglar: Skikkeleg samanheng, god romantikk, humor, skodespel å skryte over, intensitet, fornuftig voiceover, osv. Snu om på alt eg lista opp og du har inntrykket mitt av filmen altså.
Heilt firkanta på vurderinga mi skal eg prøve å unngå og vere, klarar ein å sjå det komiske i at den talentlause Anna Falchi dukkar opp som tre ulike kvinner, og at Dellamorte umiddelbart blir forelska i kvar enkelt når dei dukkar opp, er ein på god veg. Men verken dette eller den patetiske hjelparen Gnaghi si oppførsel slo an.
Blod blir det nok av etter ei stund, det skal filmen ha, men alle drapa føles tomme. Everett passar ikkje inn som tøff og iskald pistolmann, mannen er blotta for karisma, hadde Bruce Campbell hatt rolla derimot..
Med den tanken set eg lok på kista. Eller vent litt, eit par ting ved filmen som trakk den opp frå evig kaving i gjørma: Eg nevnte vel Anna Falchi her? Pluss at filmen har eit par småsekvensar eg ikkje hugsar i detalj, men som eg smålo av. Det var alt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Overraskende anmeldelse. Har faktisk veldig lyst til å se denne, som er Argento-kompis Soavis mest kjente film. Jeg har sett og likt tre av de andre tingene hans og både the Sect og the Church er kule filmer. Stagefright er mer ordinær, men man kan ikke være så streng med en film der en mann i uglekostyme kverker folk med motorsag.
“… men man kan ikke være så streng med en film der en mann i uglekostyme kverker folk med motorsag.”
Dette høyrtes jo faktisk festleg ut! =)
Ja, den er ikke verst, men The Church / la chiesa og The Sect / la setta er kulere.