Det sjunde inseglet (1957)

IMDb: 8.4/10 (20,723 votes)

Det sjunde insegletEg nærmar meg stadig eit av dei uskrevne måla for 2007, å ha sett dei 100 øverste på IMDb si stadig oppdaterte topp 250 liste. Det flotte med eit slikt mål er at eg vil få sett fleire ulike filmar eg elles hadde oversett. Mange av filmskaparane og filmane har eg stor tru på, men dei hamnar lett bak ferske titlar om eg ikkje har noko ekstra å prioritere dei etter.

Ingmar Bergman er representert med fleire titlar på lista. «Fanny och Alexander» fall berre sånn passe på plass her i gården, men «Det sjunde inseglet» var desto betre. Sjakkspelinga mellom Block og Døden er vanskeleg å komme utanom når ein skal snakke om filmen, men står på langt nær åleine for heile filmen. Trass i pest og død og skumle kristne gir ein ledig og småhumoristisk tone filmen lettare å få ned. Poesi, nydeleg foto med sylskarp bilde, skjønne kvinner, her er det mykje å hente.

Historien som følger, riddaren Block er på veg heim frå eit ti år langt korstog. Gjennom siste biten av Sverige møter han døden sjølv, og utfordrar han til eit parti sjakk for å hale ut tida, partiet varer heilt til han står innanfor dørstokken heime. I mellom speling og reising møter han bl.a. mannen som starta korstoget, eigentleg er ein tjuv og kjeltring, samt andre fargerike personar som skin gjennom svart/kvit-bilde.

7/10
Publisert 25. november 2007 kl. 18:03 i Alle, Drama, Fantasy merka som , , .

Skriv ein kommentar