Pene damer i bikini som spelar volleyball og sparkar høgt med beina i ville slosscener der det osar av dårleg dataanimsjon på nivå med grafikk som kunne vore henta ut frå PlayStation 2, mens ein ond mann samlar data på alle slossteknikkane deira frå eit overvåkingsrom i toppetasjen av huset på den eksotiske stillehavsøya der turneringa Dead or Alive har samla inn nokon av verdens beste kampsportutøvarar innan sine felt.
Eit skodespel som får det i «Sweet Insanity» til å sjå greitt ut forsvinn bak naken hud og kvinnelege former. Særleg meir er det ikkje som blir borte, for filmen tilbyr ingen ting i tillegg til det eg har nemnt over. Men som mann synst eg det kvinnelege ensemble reddar filmen opp frå det absolute botnsjiktet.
