Som ein av «utsettarane» gav det ekstra glede over endeleg å kunne sjå dette episke David Lean verket. Første gong eg la merke til filmen var for fem år sidan i romjula, då den gjekk på ein eller filmkanal, det var noko med bilde som gav meg ei umiddelbar trang til å sjå heile filmen. Å fortsette å sjå den i selskapet eg var del av var uaktuelt, både fordi eg ville oppleve dette frå starten av, og at familieselskap er heilt feil plass å styre vidare med ein over 3 timar lang film. På grunn av lengda har eg stadig utsett planen, timingen skal jo helst vere rett og «Lawrence of Arabia» brukte eg eit par månader på å psyke meg opp til, noko som igjen utsette «Doctor Zhivago». I fjor kom eg så langt som å sjå dei fem første minuttane, tekniske problem stoppa meg, så når eg no før påske fekk skaffa meg filmen på eigen DVD var det både forventingar og ei opparbeid lyst til å nærmast elske den uansett korleis den skulle vise seg å vere som var utgongspunktet mitt.
«Doctor Zhivago» tek opp det meste av fritid på ein kvardags ettermiddag, men gir tilbake i form av ei velfortalt historie som berre avbroten av «intermission» er eit aldri så lite mesterverk. Her blir me kjent med Yuri Zhivago, nyleg utdanna lege når revolusjonens hjul byrjar å rulle i Russland. Ved sidan av er han eit levande menneske, viss dikting og kjensler er det viktigaste. Mora døydde ved ung alder og han blei sidan adoptert av ein familie der dottera skulle bli kona hans med åra. Under krigslege omstendigheiter møter han Lara, kvinna han kom til å elske. Krig og Kjærleik, dei to store K-ane, ei speletid på over 3 timar og Russlands ville, kalde vinterlandskap. Eg håpar dette gir eit godt nok bilde av kva det her dreiar seg om.
Forutan Ã¥ vere godt fortalt, har «Doctor Zhivago» nydeleg foto og ein temamelodi som er skapt for Ã¥ sitje — ikkje uventa frÃ¥ ein David Lean film. Omar Sharif spelar Zhivago etter at Peter O’Toole («Lawrence of Arabia») blankt takka nei og Max von Sydow ogsÃ¥ var vurdert, med Julie Christie som Lara og ein elles flott stab i gode rollar er alt her pÃ¥ plass, type film teke i betrakning. «Doctor Zhivago» er nok ikkje for alle og einkvar med sin utprega romantikk, sjølv om det ikkje nÃ¥dde inn til margen hjÃ¥ meg er eg likevel blant dei som likar filmen godt. Eg hadde hÃ¥pa denne skulle fukte tÃ¥rekanalen ørlite med ulykkene sine, det gjorde den diverre ikkje, og eg avstÃ¥r frÃ¥ Ã¥ gi den toppkarakter pÃ¥ grunn av dette. Eg legg ikkje skjul pÃ¥ at eg faktisk kan tenke meg Ã¥ sjÃ¥ opp igjen «Doctor Zhivago» med tid og stunder, og anbefalar dei som har vurdert Ã¥ sjÃ¥ den i det minste om Ã¥ ta steget.
Ei oppklaring rundt «toppkarakter» kan passe her, sidan eg veit folk bryr seg mykje om karakterane. 9 er altså førstegongs toppkarakter, 10 er forbeholdt gjensyn som stadfestar gode filmar. Alt er sjølvsagt heilt personleg. Unntak har blitt gjort tidlegare, eg kan umogleg nekte for det, denne vurderingsmåten er noko eg har adoptert i nyare tid.
