Dorm Daze 2 (2006)
I løpet av dei nesten 30 åra «National Lampoon» har vore i filmbransjen har det komme 31 filmar av denne opprinnelege magasin-franchisen. Korleis oppfølgaren til «National Lampoon Presents Dorm Daze» frå 2003 har klart å få støtte for å bli laga er for meg eit mysterium, men det lokka iallfall meg til filmen.
Så, er denne rett-på-video filmen eit meisterverk uten like, eller er den nok ei uordna blanding av døv amerikansk ungdomsshumor med pene topplause damer, røyking av marijuana, forviklingar og B-skodespelarar? Svaret seier seg sjølv, men på spørsmålet om det er morosamt stiller eg meg litt meir positivt. Døv humor kan innimellom vere det som skal til, og eg har aldri hatt problemet med å fullføre ein «National Lampoon» film, «Dorm Daze 2» er heller ingen unntak. Likevel om settingen er så far-off som ein kan få det.
Historien går for seg på eit cruiseskip, der 2. klassen på eit college er for å framføre eit skodespel, og er soleis ei fortsetting på «National Lampoon Presents Dorm Daze». Så er det drikking, nakne mennesker, forsøk på å ha sex, ein stolen diamant og drap involvert. Det heile er gjennomsnittleg morosamt fram til det er ein halvtime igjen, då tok det seg opp nokon hakk og vart akkurat sprøtt nok til at eg koste meg godt.
Kobbelet med skodespelarar er ikkje spesielt imponerande, men inneheld eit par kjente namn i National Lampoon samanheng. Dei fleste spelte rett nok i første filmen, bl.a. Chris Owen (Sherminator i «American Pie»), men eit par nye namn dukka og opp, deriblant modellen Vida Guerra og Justin Whalin som ikkje har gjort stort etter sin rolle i «Lois & Clark». Sånn at det er sagt. Eg legg ikkje så mykje bry på å vurdere dette i ein slik film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Siste 10 innlegg (arkiv)