Så over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.
