Eit einaste langt gjesp, som eg tvinga meg gjennom i håp om at den skulle bli bra etter kvart, men det skjedde aldri. Eg mista tråden om kven som sloss mot kven, og kvifor krydderet dei snakka om var så viktig, så eg gjekk vel eigentleg glipp av heile historien der.
Blant David Lynch sine filmar er dette den verste eg har vore borti, men også den mest påkosta. Har Lynch gått med på å lage denne for å få kreditt nok til å lage eigne prosjekt etter kvart, eller er dette nok ein spesiell film av fyren?
Spesialeffektar er ikkje vits å diskutere, dette er starten av 1980-talet og det dataanimerte er godt under middels. Men når det gjeld eldre filmar legg eg heller aldri vekt på å vurdere slikt, det er noko som berre er tilfelle ved nye filmar som heilt og holdent sel seg sjølv som effekthorer. Musikken er laga av Toto og er typisk filmmusikk, bortsett frå rulletekstsporet som tydeleg gir oss ei ide om kva tiår dette er laga i.
Ingen av karakterane her var særleg folkelege, og eg følte aldri at eg kom nær nok innpå nokon av dei til å verkeleg bli interessert i kva som skjedde eller skulle skje. I motsetning til dei lysare og meir humorprega Star Wars filmane så er dette mørkt og kaldt. Til tider blir bilde for mørkt for min kontrastsvake PC-skjerm, noko som eg ikkje legg merke til at den er anna enn når ein film går over hovudet på meg.
