En håndfull tid (1989)

IMDb: 7.0/10 (140 votes)

En håndfull tid vann Amandaprisen for beste norske spelefilm og beste norske, kvinnelege skodespelar, då den kom i 1989. Med Espen Skjønberg, Nicolay Lange-Nielsen og Camilla Strøm-Henriksen i hovudrollane, og eit halvt dusin kjente norske skodespelarar i bi-rollar, var En håndfull tid utan tvil ein stor tittel i samtida.

Ikkje overraskande handlar dette om tid. Skjønberg spelar gamle Martin, som er byrja å bli tullete, og både i draumar og vaken tilstand minnast ungdomskjærasten Anna, og turen dei tok i lag over fjellet til Vestlandet. Stemmene til Anna i hovudet hans, og ei nekting for at ho er død, får han til å rømme gamleheim og sjukehus, og reise på eiga han mot Vestlandet, nok ein gong.

En håndfull tid er eit flott kjærleiksdrama som knyter to historier med minst femti års mellomrom flott og tydeleg saman. Den kvir seg ikkje for å ta opp seriøse tema, som fødsel, alderdom, og ikkje minst død, på utbroderande vis, gjerne grafisk. Nettopp det å vere så rett fram, er litt uvant, og filmen er nok modigare enn fleire nyare norske filmar, sånn sett.

Eg veit ikkje om eg likar filmen på grunn av at den gjer ei uproblematisk bruk av element eg har blitt for van med å ikkje sjå på film, mellom anna fødslar, eller om dette stel for mykje av fokuset. Filmen er ikkje heilt topp, dette har med den langsame rytmen å gjere, som ikkje går heilt i lag med stemninga deler av filmen prøver å setje meg i. Dette er vel det største minuset, at eg ikkje lev meg godt nok inn i dette til at alvoret set ein støkk i meg.

6/10
Publisert 21. april 2010 kl. 09:00 i Alle, Drama merka som , , , .

Skriv ein kommentar