«Escape from New York». Tittelen åleine er svært spennande. Den gir oss eit innblikk i kva filmen handlar om, og får oss til å stille spørsmålet: Kvifor skulle nokon ville flykte frå New York?
Spørsmålet blir belysa ganske tidleg i filmen, då det blir gjort klart at Manhattan, etter ei massiv kriminalauke i 1988, blei avsegla og gjort om til eit «opent» fengsel.
9 år etter. Snake (Kurt Russell) er på veg inn i fengselet, men får eit ultimatum i siste liten. Ein redningsaksjon som omfattar å komme seg usett inn og ut igjen på 23 timar.
Så er det berre for meg å liste opp fleire namn. John Carpenter leverar god regi og musikk. Framstillinga av 1997 er ikkje så ulik framtidsvisjonen i «The Warriors», men me slepp dei fargesprakande kostyma. Isaac Hayes er bandeleiar i fengselet, ein person tilpassa den einaste spelestilen Hayes har. Harry Dean Stanton, Ernest Borgnine og Lee Van Cleef er andre namn som er med.
Carpenter har klart å skape eit mørkt og skittent Manhattan i ein elles spennande film. Forvent ingen spektakulære spesialeffektar, men eit veldig komplett miljø.
