12 episodar.
Saman med «Psych» var «Eureka» ein av to seriar som starta å gå i sommar. Ei årstid som vanlegvis ikkje leverar det folk jublar over. «Eureka» har derimot vore så bra at eg har vore nær ved å juble frå sofaen fleire gonger. Det er ein lunefull humor og elskverdige karakterar som gjer teknologimekkaet og livet i byen Eureka til eit så godt utgongspunkt for ein serie.
Kvar episode er bygd på ei eller anna form for ulykke eller eit problem. Sidan det er ein Sci-Fi Channel serie og Eureka er ein høgteknologisk by med eige forskingssenter, så skal det ikkje mykje til for å forstå at det er avanserte maskiner og hendige duppedingsar som forårsaka problema her. Men serien har på ingen måte eit einsforma og negativt syn på teknologi, bruken av innovative og nyttige oppfinnelsar gir flotte eksempel på korleis kvardagen kan bli enklare og betre.
Jack Carter har seriens største rolle. Som byens (nye) sheriff må han løyse problema som oppstår på den einaste måten han kan, som ein tradisjonell, pliktfull politimann. Men som regel er problema ganske så unormale, og her får han hjelp av seriens andre personar. Desse personane har alle sine spesielle særtrekk og eigenskapar som ligg litt på kanten i forhold til mange vanlege TV-serie karakterar. Men i ein by som «Eureka» er det vanleg å vere uvanleg.
Den beste samanlikninga eg kan gjere er med «Northern Exposure». Det blir litt av det same jordnære godkjensla av å bli tatt inn i ein ny liten by og bli kjent med folk samtidig som Jack Carter, litt som Dr. Joel Fleischman i «N.E.» Men spenningskurva og tempoet i Eureka har ei anna form enn «Det gode liv i Alaska», og blir på sin eigen måte noko nytt.
Verdt å sjå? Iallfall første episoden for å sjekke ut kva dette er!
