European Vacation (1985)

IMDb: 5.5/10 (7,985 votes)

European VacationEg hadde hÃ¥pt at ved Ã¥ gÃ¥ tilbake 20 Ã¥r og sjÃ¥ ein av dei tidlegare National Lampoon filmane, sÃ¥ ville eg fÃ¥ litt meir kvalitet. Slik gjekk det ikkje. «European Vacation» er av dei meir kjedelege i ‘serien’ eg har sett. Naturlegvis burde eg ha starta med «Vacation», men det er eingong slik at ein ser det ein har.

For dei som er kjent med «Vacation», og kanskje også «Christmas Vacation», som begge har fått betydeleg betre rating på IMDb, så handlar også «European Vacation» om familien Griswold på tur. Denne gongen har dei vunne ei reise til London, Paris, ein plass i Tyskland og Roma. I to veker skal dei farte rundt blant ny kultur og ukjente språk.

Humoren er litt i same retning som nyare National Lampoon, med rot og tull, krydra med topplause damer og litt fyll. Men det er tross alt ein familie på tur, så det blir ikkje så villt som i «Van Wilder» eller «Dorm Daze 2», og difor litt kjedeleg. I desse filmane er det mest den rå humoren som trekk opp. «European Vacation» legg seg litt for nært familiefilmsjangeren. Når den kom i 1985 vart den rate PG-13, men ville med sin nakenheit og bannskap blitt Rated R per i dag.

Noko her er sjølvsagt litt artig, som Ã¥ sjÃ¥ Mel Smith (frÃ¥ «Rocking Around …» musikkvideoen) spele feit og lat moteltilsett. Høyre ein fransk kelner snakke dritt om familien Griswold, og nokre fÃ¥ andre smÃ¥ting. Det meste blir for enkelt og banalt, og Chevy Chase er ikkje spesielt morosam her, heller slitsom. Eg mÃ¥ fÃ¥ sett «Vacation» eller «Christmas Vacation», i hÃ¥p om at dei vil vege opp for denne.

4/10
Publisert 29. august 2006 kl. 00:03 i Alle, Comedy merka som , , , .

Skriv ein kommentar