Firefly sesong 1

14 episodar.

Så var det igjen på tide med eit gjensyn av denne altfor korte serien, som utruleg nok fekk ein film som oppfølgar og usannsynleg, men forhåpentleg får endå meir i framtida å vise til. Eg lever i håpet.

«Firefly» er «Buffy»-skaparen Joss Whedon sitt sci-fi/western-barn med stort potensiale der berre smÃ¥ bitar fÃ¥r sjansen til Ã¥ bli utforska. Capt. Malcolm Reynolds (Nathan Fillion) med mannskap, eit fargerikt og fornøyeleg persongalleri med einaste til felles at dei er vanskeleg Ã¥ sette i bÃ¥s, valfartar frÃ¥ planet til planet i romskipet Serenity — eit 03-K64-Firefly type romskip for Ã¥ spesifisere. Dei ulike planetane har likskapar med smÃ¥ byar i ville vesten historiar og likskapane sluttar heller ikkje her. «Firefly» gir sci-fi ei brun jakke og framstiller eit folk med fantastiske teknologiske utvinningar som usivilisert og tøft Ã¥ ferdast i blant, her ligg det sjølvsagt rom for mykje fart og spenning, men ogsÃ¥ humor og utradisjonelle vendingar.

I løpet av sine fjorten episodar klarar denne serien Ã¥ skape utgongspunktet for ein eigen mytologi eller univers av planetar, folk og historiar. Til grunne for forholdet Malcolm Reynolds har til den mest siviliserte, men akk sÃ¥ mørke delen av universsamfunnet — Alliansen — ligg ein verdensromsleg borgarkrig mellom nettopp Alliansen og Dei Sjølvstendige som me berre fÃ¥r vite smakebitar frÃ¥. Nok igjen eit snev av western, med røter i fakta framfor fiksjon, eg tenker sjølvsagt pÃ¥ borgarkrigen i Nord-Amerika.

Romskipet Serenity fÃ¥r i byrjinga av serien to nye passasjerar viss historie mÃ¥tte fortsette i filmen «Serenity» for Ã¥ utspele seg vidare mot ei avslutting. At Simon og River, som passasjerane heiter, er rota til ein del trøbbel er ikkje Ã¥ legge skjul pÃ¥, men den største gleden av Ã¥ følge serien ligg i at kvar enkelt episode enten leverar solid spenning, spenning og nye historiske spor, spenning og Simon/River-historie… ja, du ser mønsteret — det er alltid spennande uansett kva som mÃ¥tte skje.

Det er lett Ã¥ skryte av ein serie, gjerne fordi du helst ser ferdig dei seriane du likar og kuttar ut dei du ikkje likar og dermed har lite Ã¥ sei om dei. Igjen blir fokuset dei ferdige og dÃ¥ med skryt for ikkje Ã¥ dumme deg sjølv ut ved Ã¥ innrømme at du har brukt tid pÃ¥ noko du eigentleg ikkje likar — kven vil finne pÃ¥ slikt? Skrytet til «Firefly» er velfortent, i lag med «Battlestar Galactica» er det min sci-fi favoritt, med ein knapp pÃ¥ «Firefly». Alt blir ikkje forklart sÃ¥ godt som eg skulle ønske, pÃ¥ grunn av den begrensa sesongen, men her ligg ogsÃ¥ litt av mystikken som gjer at dette blir sittande som ei sÃ¥ positiv oppleving med lysta pÃ¥ meir. Eg vil ogsÃ¥ nemne pÃ¥ tampen at eg har sett «Firefly» cirka to gonger før, noko eg nemner for Ã¥ kunne uttrykke at eg ikkje berre synst dette er ein fin serie i rushet etter Ã¥ ha fullført serien, men at denne overraskar ved Ã¥ vere like solid ved eit gjensyn som den gav inntrykk av Ã¥ vere forrige gongen ein sÃ¥g den.

Publisert 16. april 2008 kl. 09:00 i TV Ferdig merka som .

Ein kommentar til Firefly sesong 1

  1. Jannicke

    Ã…h, Firefly… *sukk*
    Jeg har sett den serien minst fire ganger alt, og jeg elsker den fortsatt.

Skriv ein kommentar