Dette var langt betre enn forventa. Eg er alltid skeptisk til film om andre verdskrig, men skauv desse følelsane så godt unna eg kunne før eg sat meg ned med den første av Clint Eastwood sine to krigsfilmar om hendingane på Iwo Jima. Og det lønna seg, for dette var saker.
Her er det solide dosar maskingevær og traumar, samt politikk. Men det er også ein film som stikk djupare i tolkinga av kva ein helt eigentleg er. Filmen handlar om ei gruppe soldatar som var med å sette opp eit flagg på den høgste toppen på den japanske øya Iwo Jima, og som blei avbilda og raskt gjort til amerikanske heltar som direkte årsak av dette. Dei finn seg ikkje til rette i helteposisjonen og kan ikkje skjønne kvifor dei, som ikkje gjorde anna enn å overleve, skal bli satt høgare enn andre soldatar.
Med sine 2 timar har heller ikkje filmen overdreven lengde til krigsfilm å vere, og det blir god tid til å gå i djubden på kva som skjer på øya, helteturneen i ettertid og det avsluttande kapittelet. Ingen ting synest å vere gjort unødvendig og eg fann meg sjølv i å sitje som oppslukt den siste halvtimen, utan tanke om anna. No ser eg svært mykje fram til «Letters from Iwo Jima», som eg trur kan bli betre enn denne tilogmed.
