Den første filmen til Stanley Kubrick var «Flying Padre». Padre er spansk (og italiensk) for fader, så dette her handlar altså om ein flygande prest. Flygande som i eit privat, motorisert fly, som den aktuelle Fred Stadmueller brukar til å nå folk i sitt store bispedømme. Ikkje spesielt interessant, men heldigvis berre 8 minuttar lang. Dessutan minner dette meg mistenkeleg mykje om ein episode av gode, gamle «Skippy the Bush Kangaroo». Mest på grunn av likskapen mellom helikopteret der og flyet her.
