«Exiled» er stilig, ytterst stilig. Bygd opp som ein typisk gammal spaghettiwestern med Clint Eastwood, satt til eit moderne Macau, består den av rolege sekvensar med lite dialog avveksla med heftig skyting som kan ta pusten frå dei fleste.
Ikkje nok med det, filmen har humor og. Bisarr eller berre rar, det er ei vurderingssak. Eg synst den balanserar på ei hårfin linje mellom sprø og sprøare. Opningsvis kjem eit kjempeeksempel på dette, viss du ikkje ønsker å vite noko som kan røpe ei god scene, så hoppar du over neste avsnitt.
To par vÃ¥penkyndige gangsters møter opp for Ã¥ eliminere eller redde ein mann, Wo. Etter ei dramatisk skytescene i eit umøblert rom inngÃ¥r dei vÃ¥penkvile for Ã¥ konversere framfor Ã¥ skyte, men sidan det ikkje er plass Ã¥ sitje i dette rommet, sÃ¥ møblerar dei like godt rommet først som sist — samt gjennomføre ei grov oppussing av skadar.
Lange rolege sekvensar kan få «Exiled» til å verke lang. 100 minuttar ikkje er det verste i grunn, og regissør Johnnie To brukar dei godt på å skape ei gradvis oppbygging. Kontrastane mellom harde, blodige møte og munnspel ved leirbålet eller myntkasting for å avgjere om dei skal rømme mot høgre eller venstre i eit bilkryss, gjer dette til ein tydeleg og enkel film å følge med på. Kjedeleg blir det heller ikkje.

februar 22nd, 2007 at 23:53
Eg er som oftast ikkje så flink på slike referansar, og følte eg tok ein råsjans ved å nemne det. Fint å høyre eg ikkje var åleine der.
februar 22nd, 2007 at 23:12
Pokker, spaghettiwesternreferansene glemte jeg å nevne. Soundtracket låner forsiktig fra Once Upon a time in the West. Fint at du tok det med.
februar 23rd, 2007 at 12:52
Herlig film, og skytescenen på slutten er helt vill. Anthony Wong er mannen. Alltid like kul, og ikke minst en av de beste nålevende skuespilerne.
februar 23rd, 2007 at 15:40
Siden jeg har deg her, Captain Charisma, er du Thomas S?
Hilsen Thomas H
februar 23rd, 2007 at 18:54
#Fred Ut
Nei, mitt navn er Tom ;)
februar 23rd, 2007 at 19:18
Kjipt. Trodde vi var gamle kjente :)