Freddy vs. Jason (2003)

IMDb: 5.9/10 (25,098 votes)

Freddy vs JasonEit unødvendig åttande etterslep i rekka av «A Nightmare on Elm Street»-filmar, der Freddy får hjelp og motstand frå «Friday the 13th»-karakteren Jason. «Freddy vs. Jason» er intet meir enn ein rett fram slasherfilm utan djupare motivasjon innan karakterutvikling eller historie enn å få handlinga til å gå framover.

Reine slasherfilmar er ikkje mi greie, eg foretrekk horror framfor gore, «Freddy vs. Jason» er ikkje i nærheiten av å vere skummel og klarar berre få meg til å hoppe i stolen litt, noko ein komedie lett kan få til viss ein person brått hoppar on-screen. Regissør Ronny Yu har eg blanda forhold til, «Fearless» med Jet Li var storarta, men her har han bidratt til lite meir enn å få filmen til å sjå bra ut, det tekniske som lyd og bilde held høg standard, greie skodespelarar har blitt bra nok utnytta, men historien heng ikkje på greip.

Det største problemet eg har med denne er oppbygginga, her er det rett på sak frå starten av, noko som fører til at ein blir fort lei og spesielt kampane mellom Freddy og Jason er meiningslause når ein veit 5 sekundar ut i kvar av dei at det aldri vil føre til anna enn tapping av lommeboka til produsentane.

Så korleis forsvare femmaren? Freddy er verkeleg ond, Jason har eg ingen forhold til frå tidlegare filmar («Friday the 13th» er eit framtidsprosjekt) og framstår ikkje som anna enn ein bevegande bautastein, her er nokre skodespelarar eg ikkje nødvendigvis synst er dei beste, men likevel har eit forhold til gjennom tv og anna film og synst er artig nok å følge med, filmen lid aldri under av å sjå billeg ut heller. Slikt på plussida, og det andre på minussida, «Freddy vs. Jason» er eigentleg heilt midt på treet.

5/10
Publisert 17. mars 2008 kl. 08:00 i Action, Adventure, Alle, Fantasy, Horror, Thriller merka som , , .

2 kommentarar til Freddy vs. Jason (2003)

  1. Henning

    Har du sett de ti fredag den 13ende filmene? det har jeg! Og FvJ har historie i bøtter og spann i forhold til den serien. (men kan selvfølgelig ikke konkurere med Nightmare 1, 3 og 7 så er det sagt)

  2. Asbjørn Ness

    Har Friday the 13th tilgode, men ein plan om Ã¥ sjÃ¥ dei foreligg. FÃ¥r ta den vurderinga med tida …

Skriv ein kommentar