From Russia with Love (1963)

written 30. september 2008 by Asbjørn Ness

rated: 3/5
From Russia with Love (1963)

Sjølv om denne er god fall den ikkje så godt i smak som Dr. No, til det er den litt for roleg, det er ikkje så mykje spenning, og det ser også ut til å mangle ein del på innhaldet for å fylle ut filmen på det eg vil kalle verdig måte. Eg skal ikkje gå meir innpå det spesifikke.

Det som gjorde meg litt interessert var at me møter Q for første gong her, eit steg i retning av James Bond eg kjenner. Eg satte meg ikkje godt nok inn i detaljane undervegs til å finne ut kva det var, men dette virkar på meg meir som den typiske Bond-filmen.

Opningssekvensen er relativt skuffande med orkestermusikk istaden for Bond-song, musikken er forsåvidt fin den, men det var ikkje før ved rulleteksten det dukka opp ein From Russia With Love-song.

For å sei det på ein god måte, dette er ein bra nok film det, Sean Connery, damer, spenning og reising. Skurkane er spesielt interessante og eg håpar og trur me får sjå meir til mannen som ikkje viser ansikt seinare. Eg føler på ein måte at denne filmen bygg meir opp rundt eit eller anna som kan ha med Bond-universet å gjere enn å stå seg fram som den aller beste filmen.

IMDb

7.5/10 from 24,764 users

Tag(s)

,

Category(ies)

Action, Adventure, Alle, Romance, Thriller

Copyright

Filmdagbok 2008