Litt spenstig CGI har aldri skada, men det er klart at resultatet blir skuffande når dette er det einaste «G.I. Joe» har å by på ved sidan av opptreden til Sienna Miller. Det er som om ramma for ein heilt kurant actionfilm er på plass, men den er fylt med dei verste klisjeane frå 1990-talet og aldri tek dei små originale vendingane som gjer at ein kan tru ein ser noko nytt. I ein duell står «Transformers» fram som ein klassikar. Så er ikkje formålet med «G.I. Joe» å bli eit meisterverk, men det er heller ikkje artig underhalding.
