Gake no ue no Ponyo (2008)

IMDb: 8.0/10 (6,692 votes)

ponyo-jp1Som den blaserte filmsjåaren eg er lever eg meg sjeldan inn i film, og animasjonsfilm er det verre med. «Ponyo» (på kort) hadde eg ikkje allverdens forventingar til, dei siste tre frå Studio Ghibli har i meir eller mindre grad glidd kjapt forbi bevisstheiten. Men «Ponyo» klarar å vekke meg igjen med magi og mektige naturkrefter, samtidig som den treff med det enkle. Eg blir sittande og forestille meg filmen gjennom augene til eit barn, all den spenninga og eventyret vesle Sosuke får oppleve. Samtidig treff den så veldig godt mitt innbilte vaksne sinn. «Ponyo» er klassisk god Studio Ghibli.

8/10
Publisert 6. oktober 2009 kl. 17:04 i Adventure, Alle, Animation, Family, Fantasy merka som , , .

Skriv ein kommentar