Mens eg ventar pÃ¥ framkomsten av den grafiske romanen til Daniel Clowes i postkassen, tenkte eg Ã¥ friske opp igjen minnet med Ã¥ sjÃ¥ filmen for andre gong, der sist gong var … for lenge sidan.
Historien omhandlar Enid (Thora Birch) og Rebecca (Scarlett Johansson), vel eigentleg mest Enid, som nettopp er ferdige på high-school. Ein dag dei heng ut på ein kafe med 50-tals tema, som ein av mange kaféar i området, finn dei noko som kan tilsvare ei kontaktannonse som dei bestemmer seg for å svare på tull. Dei avtalar ein falsk date med mannen bak annonsa, men etter å ha observert ein patetisk middelaldrande fyr, får dei litt dårleg samvit. Dei, eller mest Enid, går inn for å oppsøke fyren og finne ut kva han driv med, og endar opp med å bli kjent med han.
Ghost World er av den type film som eg absolutt elska. Alt er så detaljert, gjennomtenkt, og dialogen er både intelligent og morosam og fyllt med ulike referansar. Historien om The Coon Chicken Inn er for eksempel ei ekte historie.
For den interesserte kan det vere verdt å nemne at Art School Confidential har komme som film, og sikkert nok er på veg til landet snart. Forhåpentleg!
