Gone with the Wind (1939)
Den har blitt kalla prototypen på blockbusterfilm, stod ubeseira på Oscarfronten med 8 belønningar i 20 år, skal visstnok vere filmen med mest solgte billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene (AFIs mellom anna). «Gone with the Wind» har definitivt satt sine spor i filmhistorien.
På grunn av lengda er ikkje dette ein film som ein kan sette seg ned med ein kva som helst dag, eg måtte like greitt dele den på midten og ta delen etter intermission dagen etter, noko som kan ha virka inn i positiv eller negativ retning, men når eg lot meg forføre til den grad eg gjorde så spelar ikkje dette noko rolle.
«Gone with the Wind» fortel historia om den rike og bortskjemte sørstatsjenta Scarlett O’Hara (Vivien Leigh) som veks opp til å bli ei kvinne under den amerikanske borgarkrigen. Filma i nydelege technicolor, sterke, klare fargar og sylskarpt bilde i denne samanhengen. Historien som blir fortalt over mange år er drama av ypperste slag, det involverar veldig mykje kjærleik kombinert med kjærleik, satt tidsvis i eit krigsprega miljø forsterkast kjensla av håplausheit.
Grunnen til at dette gjekk vel i hamn hjå meg var nok at eg er ein sucker etter drama med sterke karakterar, gjerne pene, og helst med ei form for kjærleikshistorie knytt til, iallfall når det er snakk om ein film som dette. At det finst mykje dårleg på område er ikkje til å komme utanom, men eg skal ikkje drøye meir på det her. Eg blei aldri dratt heilt inn i handlinga på den måten som kjenneteiknar dei ultimate filmopplevingane, men hang godt med heile vegen og synst det var ei interessant historie.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Siste 10 innlegg (arkiv)