Kung fu (2004)

written 23. mars 2005 by Asbjørn Ness

rated: 4/5
Kung fu (2004)

Dette må vere den mest morosame filmen eg har sett, iallfall i år.

Det er så fullt med spesialeffektar utanom det sannsynlege som ein ikkje hadde venta å sjå i ein film. Som ei scene der husvertinna jagar vår hovudperson Sing i bippe-stankelbeinstil. Kwok Kuen Chan, som er ansiktet til Brother Sum her, er ein fryd å sjå som heilsprø gjengleiar, med eit smil som kan skremme den vante narkomane av stoffet.

Historien, den hoppar me glatt over her. Det er ikkje den som er viktig, heller alt det andre sprø, som dei rå dataanimerte über-Matrix-liknande slossescenene, eg hadde visst ikkje gått lei av slikt likevel.

IMDb

7.7/10 from 1,664 users

Tag(s)

,

Category(ies)

Action, Alle, Comedy, Crime, Fantasy

Copyright

Filmdagbok 2005