Gossip Girl sesong 1
18 episodar.
Visse forventingar var knytta til «Gossip Girl», eg har nytta sjansen til å skrive om serien tidlegare her på Filmdagbok og dei som har lese dette har kanskje fått med seg at eg nemner den som ein av to nye seriar av Josh Schwartz, mannen bak «The O.C.», den andre er «Chuck». «Gossip Girl» er basert på ein bokserie om intrigar blant den øvre klassen i New York, det vere ungdommane i denne klassen. Serien er ei såkalla tenåringssåpe og tek på mange måtar drama likt det i «The O.C.» og bygger rundt dette i ein ny setting. Her er det mindre komedie og meir alvor, men det hindrar ikkje serien i frå å vere morosam, lett og ledig heller, eg vil ikkje overdrive forskjellen. Schwartz har forhåpentlegvis lært av feila han gjorde utover med «The O.C.», dette var ein av utgongspunkta eg hadde for å sette i gong med «Gossip Girl», eg forventa godt tenåringsdrama og det har serien levert i massevis av, karakterane er fantastisk enkle å definere i tillegg til at dei har nok av komplekse sider som gjer dei interessante utover innleiinga, samtidig spelar miljøet ei så stor rolle at eg forventa dette ikkje vil dø ut i starten av andre sesong, slikt «The O.C.» gjorde.
