GRΣΣK sesong 3

20 episodar.

Då eg har skrive om dei to førre sesongane til GRΣΣK ved tidlegare anledningar, blir spørsmålet i dette innlegget kor vidt serien held seg. Men først ei kort oppsummering av tenåringssåpe til ABC Family. (Les vidare under bildet).

Serien dreiar seg omkring medlemmane i tre bror- og søsterskap på Cyprus-Rhodes University. Relasjonane desse i mellom kan nok best skildrast som ei dramasåpe, men serien har store mengder av komedie i seg. Avstanden til den klassiske collegekomedien på film er sånn sett så kort at fokuset på drama til tider blir utviska. Dette er positivt då serien, i likskap med andre ungdomsseriar (og dramasåper generelt) repeterer seg sjølv nok gonger.

Tredje sesong leverer som forventa nokolunde det same som dei førre. Det er festing, konfliktar mellom brorskapa og kjærleiksdrama i store mengder. Serien forsøk å løyse konfliktar og slå seg til ro med sentrale forhold, der spenninga har vore tydeleg i serien over lengre tid. Men endå er det lenge igjen før alle relasjonane er oppbrukt, og serien gir ikkje, trass i repeterande handlingsstrukur, inntrykk av å gå på tomgang endå.

Med unnatak av nokre episodar i byrjinga av sesongen, som på sitt beste var greie nok, er GRΣΣK ein stabilt god ungdomsserie. Erfaringa mi med ungdomsseriar er at mange av dei beste har brukt opp potensielle kjærleiksforhold allereie etter første og andre sesong, og dermed lid sterkt når dei skal hale ut fleire sesongar på suksessane sine. GRΣΣK har aldri nådd opp til eksempelvis nivået første sesong av The O.C. haldt, men viser langt større driv enn The O.C. gjorde etter tredje sesong.

Publisert 29. juli 2010 kl. 09:38 i TV Ferdig merka som .

Skriv ein kommentar