Great Expectations (1946)

IMDb: 8.2/10 (8,895 votes)

great_expectationsEtter forrige møte med David Lean, i form av «Brief Encounter», hadde eg ikkje dei høgaste forventingane til «Great Expectations». Men denne adapsjonen av romanen til Charles Dickens blei til ei betre filmoppleving. Ei nokolunde lik kjensle som dukkar opp når eg ser (dei gode filmversjonane av) «A Christmas Carol» kom til overflata her, og eg blei som arbeidsklasseguten i filmen sugd inn i ei rikare verd. Reint bortsett frå ein slutt som betyr lite er ingenting forhasta, filmen lukkast med ei oppstykkja historie og mistar aldri fokus på den sentrale karakteren i utforskingane i fleire tidsrom og ulike kjennskap.

8/10
Publisert 9. oktober 2009 kl. 11:46 i Alle, Drama merka som , , , .

Skriv ein kommentar