Siste film i «Halloween»-serien før Rob Zombie køyrte ein omstart med nyinnspeling i 2007. «Resurrection» er klart den nest dårlegaste av filmane, og lenge eit slit å komme seg gjennom. Men så skjer det at filmen tek seg ørlite opp siste halvtimen, og klarar å bli, om ikkje god, så ikkje mykje dårlegare enn den femte og sjette. Filmen spelar på eit dårleg realitykonsept, lik «Big Brother» som var relativt ferskt og populært på den tida, men det blir meir komisk enn grøss og spenning. «Halloween»-magien som var tilstades i dei dårlegaste filmane (minus trearen), er også borte.
