3. juni 2012

Happy Accidents (2000)

Av Asbjørn Ness

Happy Accidents (2000)

IMDb: 7.3/10 from 5,388 users

Eit av mange mindre poeng med denne bloggen er å skrive om filmar som ingen andre vil skrive om. Ein av desse filmane er Happy Accidents.

Happy Accidents er skrive og regissert av The Machinist- og Transsiberian-regissøren Brad Anderson. I hovudrollane har vi Marisa Tomei og Vincent D’Onofrio.

D’Onofrio møter Tomei og påstår at han er frå framtida. Trass i den sprø bakgrunnshistoria hans blir Tomei interessert og forelska i han.

Happy Accidents er ei blanding av romantikk og komedie, med ein god del snakking, deriblant mykje om tidsreise. Dette gir filmen interessante dialogar, men fjernar ikkje det faktum at filmen er litt sløv.

Det som reddar den for lange filmen er Tomei og D’Onofrio. Først og fremst er Tomei truverdig som ei dame med ei trøblete side, men også ei god side. D’Onofrio er vanskelegare å få taket på. Det er vanskeleg å vite kor du har han, og det er til tider nesten ubehageleg å ikkje kunne lese han. Men nettopp dette er poenget, og det gjer det bra.

Eg kunne tenke meg meir av filmen, det har med forventingane å gjere. Gjennom eit meir ope syn på kva han er så ser eg at han er nok. Handlinga er komplett på sin måte.

At eg aldri bli i overkant engasjert eller tek til meg kjenslene i filmen er det som manglar. Det er slikt eg ikkje kan setje fingeren på, men som styrer filmen nedover på lista.

3/5

Om innlegget