Definitivt den beste Harry Potter filmen eg har sett. Men så har eg berre sett to, så kva veit vel eg? Historien startar ganske fort i forhold til boka, men det har eg ingen problem med. Boka er jo ein stor murstein i seg sjølv, så å få den inn på 2.5 time som det er gjort her har eg full respekt for.
Filmen blir som ei berg- og dalbane frå latter og glede til tristare stunder. Likevel om det er barn i hovudrollane, så såg det ut til at alle i kinosalen følte det same.
