Hedwig and the Angry Inch (2001)

IMDb: 7.6/10 (11,962 votes)

Me følger transseksuelle Hedwig på turne i hælane på rockystjerna Tommy Gnosis gjennom USA. Den opprinnelege tyske guten Hansel har ein ting for blonde parykkar og har saksøkt Gnosis for å stele songane hans, i forsøk på å skaffe bevis for eit tidlegare bekjentskap mellom Hedwig og Gnosis har Hedwigs advokat oppfordra til denne påhengsturneen, der Gnosis stikk av med all ære på større stadion og Hedwig and the Angry Inch pent må ta til takke med kaféframsyningar.

John Cameron Mitchell stÃ¥r bÃ¥de for manus og regi, mens Stephen Trask stÃ¥r for songtekstane. Mykje av filmen sin energi ligg i songane og den gode framstillinga av hovudrolla Hedwig — igjen spelt av Mitchell. Temaet snurrar rundt transseksualitet i forbindelse med Hansels oppvekst og tilblivelsen av Hedwig nÃ¥r han flyttar frÃ¥ Aust-Berlin til USA. Det er behandla pÃ¥ lettare humoristisk vis, men er i full bestittelse av ein skarp tone og har sine alvorlege poeng. Fortalt med tilbakeblikk som den er blir dei fleste songane sunge i no-tid, tilbakeblikka er aldri for lange, men heller korte og presise til Ã¥ fortelje om ting som har vore med Ã¥ gjere Hansel til Hedwig.

Noko av det beste med heile filmen er songane; fengande og innhaldsrike, morosame utan å vere banale. «Hedwig and the Angry Inch» er ingen musikalsk parodi, sjølv om framstillingane av den androgyne rockaren til ei viss grad kan gjenkjennast i faktisk rockestjerner. Samtidig er det rått å sjå kor mykje Mitchell bidreg på lerretet som Hedwig gjennom heile filmen, denne oppsminka personen er så mykje meir enn berre pudder og parykk, og Mitchell held følge med karakterutviklinga gjennom filmen. Morosamt er det og å sjå Michael Pitt gjere ungdomsrockaren Tommy Gnosis, Pitt har det med å velje stadig tvilsomme rollar på fabelaktig vis.

Ei må-sjå-anbefaling frå denne kanten.

9/10
Publisert 26. september 2008 kl. 12:05 i Alle, Comedy, Drama, Musical merka som , .

Ein kommentar til Hedwig and the Angry Inch (2001)

  1. Fred Ut

    Amen. Denne er så fin, den!

Skriv ein kommentar