8 episodar.
Kurant sommar-tv med fin blanding av mystikk, varmt klima og menneske som ser perfekt ut, men alle har tunge problem og lyg som pokker. I opphavet blir det som er heilt greitt etter kvart for lite på papiret til å ro i land ideen, og endar opp med å bli ein leik fram og tilbake der skaparane av serien stadig må overbevise sjåaren om at meiningsendringa til folka som får usanningar slengt i ansiktet skal vere, i det minste, litt truverdig. Serien får ikkje spesielt god hjelp av rollebestningane, ei gruppe unge som tidlegare har fått skjermtid som gjesterollar i både «The O.C.» og «Veronica Mars». Springbrett til ei større karriere i enkelte tilfelle, ikkje alltid til ei betre.
Men så er då «Hidden Palms» ein kort serie med berre 8 episodar, og når The CW gjorde den unna på 6 veker så går det akkurat an å vere så tålmodig at det er mogleg å fullføre. Verdt å sjå? Eigentleg ikkje.
