Hostel (2005)

IMDb: 5.9/10 (9,076 votes)

HostelDenne filmen kunne gjerne ha blitt kalla Hostile, for det er ingen vennleg film. Verken på den eine eller andre måten. Filmen er rimeleg nok ganske ekkel, som i grotesk til tider. Men trass dei blodige scenene, vil eg sei at persongalleriet var det verste. Her er det lagt litt arbeid i å finne folk som ser både rare og skumle ut, men ikkje overdrevent stygge. Eg seier ikkje at dei blodige scenene ikkje var fæle, for det var dei, men ikkje på same måte som «Saw» og «Saw II», for i dei så må eg innrømme eg var ganske så nær ved å snu meg vekk, mens dette kan eg takle. Det er sikkert nok både negativt for filmen sin del, og min, men utan å gå meir inn på meg sjølv som ein mediepublikumar og påverknad og slikt, så kan eg heller unnskylde med at det var filmen i sin heilheit som gjorde at eg ikkje trudde på det eg såg nok til snu meg vekk. For historien i filmen er rimeleg tam, ein vil nok skjønne etterkvart kva det heile dreiar seg om, men det blir aldri forklart på ein truverdig måte. Så i tråd med filmens handling, og dagens [no er det over midnatt, men likevel] tidlegare filmar, så blir det ikkje topp tilbakemelding frå mi side her heller. Det som forsåvidt trekk opp er som eg nemnte eit ekkelt persongalleri, og i tilegg eit skittent aust-europeisk miljø.

6/10
Publisert 28. mars 2006 kl. 23:52 i Alle, Horror merka som , .

4 kommentarar til Hostel (2005)

  1. TMwtP

    Ja. Dette er vel egentlig en film som rett og slett har fått litt mer omtale enn den fortjener. La oss tro dette var det siste. :)

  2. Asbjørn Ness

    Har lagt merke til etterkvart, at det er Lions Gate films som står bak veldig mange av desse middelmådige og dårlege horror-filmane. Vil ikkje feie alt under same teppe, men ser ein kombinasjonen horror og Lions Gate films i framtida, så er det nok greitt å vere skeptisk.

    Er det berre meg som har vore litt treig med å oppdage dette? Og eit unntak må vere Saw-filmane, dei likte eg faktisk :S

  3. Asbjørn Ness

    «Starring World Wrestling Entertainment superstar Kane». Det gir meg frysninga, men skal ikkje rakke ned pÃ¥ dei som lika wrestling heller..

  4. TMwtP

    Ikke sant? Hva slags trekkplaster er nÃ¥ dét for filmen?? lol – amerikanerne er noen raringer innimellom…

Skriv ein kommentar