Etter lengre venting kom endeleg «Hot Fuzz» til kino, og etter meir venting kom eg meg til kinoen. ForhÃ¥ndskunnskapane om «Hot Fuzz» var relativt smÃ¥, med traileren som einaste bakgrunn. Eg ser no i ettertid at den er ein knapp forsmak pÃ¥ kva filmen leverar, sÃ¥ den skal ha skryt for bÃ¥de Ã¥ halde seg i tøylane samtidig som den gir forsmaken. Over til filmen. Dette er ein politispenningskomedie satt til ein roleg engelsk landsby som kvart Ã¥r kjempar om Ã¥ bli «Ã¥rets beste landsby». Overkonstabel Nicholas Angel (Simon Pegg) blir (ufrivillig) overført dit frÃ¥ Londonpolitiet fordi han har for god personleg statistikk og fÃ¥r resten av politiet til Ã¥ ta seg dÃ¥rleg ut. Livet viser seg ikkje Ã¥ vere sÃ¥ stille pÃ¥ landsbygda likevel, nÃ¥r mange ulykker inntreff pÃ¥ rekke og rad ser Angel ei større sak pÃ¥ gong. Dei allereie godt etablerte politifunksjonærane avfeiar teoriane hans glatt. «Hot Fuzz» er god i mÃ¥ten Edgar Wright pressar inn haugar med informasjon og detaljar i kvart bilde (ypparleg med tanke pÃ¥ gjensjÃ¥ing), skrur opp klyppefrekvensen der det er nødvendig (ingen dødtid), legg humoren i fleire lag (enkelt eksempel: dialog og ansiktsuttrykk), køyrer tempoet pÃ¥ filmen opp pÃ¥ eit fantastisk godt nivÃ¥ nÃ¥r trÃ¥dane blir samla (action non-stop) og har parodiert utan Ã¥ massakrere originalar.
