3 episodar.
HBO-serie frå 1993, med bl.a. Harry Dean Stanton og Deborah Unger, då i ulike episodar. Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som føregår i henholdvis 1969, 1992 og 1932. Me får tre urelaterte historiar basert på dialogar. Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete «venn» som tek over showet. Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten. Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist, episoden foregår på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona. Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir forsåvidt det mest interessante ved serien, samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både lydmessig og visuelt. Småkjedeleg, verken utfordrande eller gravlaks med sennepsaus.
