4. januar 2006

House M.D. sesong 1

Av Asbjørn Ness

House M.D. sesong 1

IMDb: 8.6/10 from 97,430 users

Så var eg ferdig med den første sesongen av denne herlege dramakomiserien, og sit igjen med ei nokolunde lik kjensle som første sesong av Huff gav meg.

Dette er ein velskrive serie, basert på House og det som skjer rundt han. Mykje av skrytet må gå til Hugh Laurie som spelar House, men utan kollegaene hans kunne dette ha blitt kva som helst anna for alt eg veit. Greg House er ein genial rollefigur som blir spelt med stil, han er uforutsigbar, og når du først trur du veit korleis han tenker så tek du feil. På ein måte liknar han ein del på Dr. Cox frå tidlege episodar av Scrubs. Men dei andre rollefigurane i denne serien er nok også rimeleg uforutsigbare i forhold til den typiske rollefiguren me ofte ser på TV. Dvs. dei oppfører seg ofte som vanlege mennesker, og gjer dei vala me framfor skjermen ville ha gjort. Utan at det blir kjedeleg av den grunn.

Eg kjem tilbake til sesong 2 seinare i år, når den er ferdig å gå.

Om innlegget