How I Met Your Mother sesong 3
20 episodar.
(Frå no av, HIMYM). Når eg starta å følge med på denne serien var det mykje fordi eg hadde lite anna å gjere ei veke, at det var ein komedie som lett kunne fylle eit par kjedelege dagar utan å vere anna enn moro. Det var mot slutten av første sesong, i ettertid har eg prøvd å sjå den med jamne mellomrom, rundt 3-4 episodar i slengen, men etterkvart har det blitt til å følge med på den fast. For «HIMYM» er utruleg morosamt! «Friends» blir det nærmaste eg kan samanlikne den med, for serien har stasjonert seg i New York, handlar om ei gruppe venner og deira kjærleiksliv m.m., er ein sitcom og har truffe spikaren når det gjeld å sette rette skodespelarar i dei rette rollane. Jason Segel, kjent frå «Freaks and Geeks», eit par mindre rollar i Apatow-produksjonar og hovudrollen i den aktuelle «Forgetting Sarah Marshall», kan nemnast. Alyson Hannigan («Buffy», «American Pie») kan nemnast i ei litt meir vaksen rolle enn ho vanlegvis har spelt, som reflektert menneske, men samtidig morosam. Og ikkje minst Neil Patrick Harris, min favoritt i denne serien som playeren i dress, mannen med ei hard overflate, men samtidig eit par mjukare sider som han kjempar hardt for å skjule. Anbefalt!
Siste 10 innlegg (arkiv)