Informasjon og hjelp

Innhald

Her kan du lefle i deg informasjon om korleis du skal utnytte funksjonane Filmdagbok byr på, og få med deg eit og anna om mannen og prosessen bak nettsida.

Filmdagbok

Filmdagbok er ein blogg med fokus på film og TV. Historia strekkjer seg tilbake til 2004, men den er ikkje spesielt oppsiktsvekkjande, alt du treng vite er at det står ein mann bak prosjektet, Asbjørn — som ikkje tenar pengar på dette og difor kan setje lista så høgt eller lågt som det skulle passe seg.

Å lese og halde seg oppdatert

Ved sidan av å besøke sida for å manuelt halde seg oppdatert kan du abonnere på RSS eller følgje oppdateringar på Twitter. Lenkjer ligg ved sidan av Filmdagboktittelen øverst i venstre hjørne på nettsida.

Layout og navigering

Trass i ein minimalistisk layout manglar det ikkje på funksjonar for å finne fram til publisert innhald på sida. Det er i hovudsak tre stader du kan kome til informasjonen. Forklaringa kjem i tre korte avsnitt.

Navigeringsknappane øverst midt på sida. Pilene er for å bla til forrige og neste innlegg. Spørsmålsteiknet har du allereie funne ut av. Plussymbolet utvidar eit panel med oversikt over nylege hendingar på nettsida, og lenker vidare til utvida oversikt over desse. Denne fulle filmlista er ei naturleg utviding av panelvisinga, medan arkivet er ei samling av sorteringsmetodar som månad, sjanger og stikkord.

Søkefeltet informerer sjølv kva du kan bruke det til. Stikkord er eit merkingssystem som blir brukt til regissør, vurderingskarakter og ev. tilleggsinformasjon (f.eks. er filmen del av ein filmseri som James Bond).

Metainformasjonen er det tredje og siste punktet. Denne ligg mellom innlegget og kommentarfeltet. Her blir det vist kven som er forfattar, sjangertilhøyring og stikkord. Forfattar er som regel Ness (Asbjørn), med sjeldne innlegg frå gjesteskribentar.

I bokform

Samling av innlegg frå bloggen finst i to digitale bøker, les meir om desse her.

Kontaktinformasjon

Nå meg på e-post, filmdagbok@gmail.com.