Å finne rom for ein tretimars lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte denne. Enkelt fortalt handlar det om ei skodespelarinne (Laura Dern) som får tilbudt rolle i ein film som tidlegare har vore forsøkt innspelt utan hell. Etter kvart blandar det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege episodar, tidskrøll og eit psykisk samanbrot som gjer at eit handlingsreferat er unyttig. No skrapar eg rett nok berre i overflata, kanskje ei betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, endå meir enn før. Eg lot meg synke inn og belønninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg ja, men bitane passa saman, lydbilde er eksellent utført og gjekk saman med eit litt grumsete fotoarbeid inn for å ytre den mørke stemninga eg hekta meg fast i undervegs.
