16. juni 2012

Jeff, Who Lives at Home (2011)

Av Asbjørn Ness

Jeff, Who Lives at Home (2011)

IMDb: 6.9/10 from 4,709 users

I løpet av eit par år har eg blitt fan av filmane til brørne Duplass. Tidlegare filmar er mellom anna Cyrus og Baghead. Jeff, Who Lives at Home og The Do-Deca-Pentathlon er filmar eg har sett fram til i år.

Jeff, Who Lives at Home handlar om Jeff (Jason Segel), som bur heime. Han er 30 år gammal og har ingen jobb. Mora (Susan Sarandon) er oppgitt, men har sitt eige å stri med. Det har også broren Pat (Ed Helms).

Før Jeff skal ut å gjere eit ærend for mora får han ein telefon. Mannen i den andre enden er forbanna og vil ha ta i Kevin, men Jeff kjenner ingen Kevin. Framleis høg på marihuana legg han i veg til butikken, men blir opphengt i namnet Kevin då han ser det ein plass.

Handlinga som utspelar seg er ei blanding av tilfeldigheiter, skjebne og krysningar mellom folk som trur på det eine eller andre. Det går roleg for seg og skjer lite lenge. Som film er det ei fin blanding av komedie og drama, men det er uoriginalt og innimellom på kanten til uinteressant.

Slik går filmen lenge, men med eit kvarter igjen så skjer det noko. Det som skjer får alt før til å kjennes som ei kurant oppbygging. Klimakset som eg tenker på er blant dei betre eg har sett på film den siste tida, og er med på trekke heilskapen eit god hakk opp.

Jeff, Who Lives at Home er god.

3/5

Om innlegget