Når det kjem til dissing av folk, folkegrupper og stort sett alt anna, så er Jimmy Carr det beste av standup eg har sett. Her er det så mange grove vitsar om homofili, sjuke folk, aldersgrupper og kjønn at det er litt å gispe over. At han klarar å få folk til å le av det er nok det beste, eg trur ikkje folk torer å la vere å le.
Han plukka ut nokre publikummarar innimellom som han heng skikkeleg ut, og går langt over streken, men likevel ror han seg i land utan at dei andre folka føler han er arrogant. Også er han utruleg flink til å improvisere, merkverdig.
Det beste av britisk standup, og pÃ¥ høgde med «Pablo Francisco — Bits and Pieces», men med eit anna fokus. Skal du sjÃ¥ standup, sÃ¥ mÃ¥ du sjÃ¥ dette!

juli 28th, 2006 at 15:26
Aj, denne må på handlelista.