Jisatsu saakuru (2002)

IMDb: 6.7/10 (4,992 votes)

suicideclubJapanske «Suicide Club» er ei sprø, blodig og humoristisk innføring i J-Horror. Den tek typiske trekk ved retninga og gjer både narr av dei og overdriv. Tokyo blir ramma av ei sjølvmordsbølge, der ei ukjent kraft driv folk til dette. Men «Suicide Club» klarar ikkje å bygge nok spenning på dette, og mislykkast som J-Horror. Filmen er vanvittig blodig og grotesk til tider, noko som blir det mest fascinerande. Løysinga på mysteriet er så far out at det blir morosamt nok å følge med når slutten nærmar seg, men vegen dit er uoversiktleg, lite engasjerande, og litt søvndyssande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10