Judgment at Nuremberg (1961)

IMDb: 8.3/10 (12,306 votes)

judgement_at_nurembergMed sine tre timar kan «Judgment at Nuremberg» skremme som rettsdrama. Tre timar betyr derimot at Stanley Kramer har kunne gå i djupna og forme filmen slik at det ikkje blir eit hastverk mellom korte argument og så ein felt dom. «Judgment at Nuremberg» blir godt nettopp fordi den kan bruke tida på å bygge seg opp og krype under huda. At både den tyske og amerikanske advokaten får sagt sitt, at ingen blir favoriserte, trass i klientane sine, og at alle spørsmåla rundt behandling av brotsverk gjort av enkeltmenneske i krigssamanheng kjem fram, gjer dette til utruleg god film.

9/10
Publisert 12. november 2009 kl. 00:40 i Alle, Drama, History merka som , , .

Skriv ein kommentar