14. april 2012

Justice League: Doom (2012)

Av Asbjørn Ness

Justice League: Doom (2012)

IMDb: 7.1/10 from 2,143 users

Årets første DC Universe Original Animated Movies er den tredje Justice League-filmen i animasjonsfilmsatsinga til DC. Bak stemmene til Batman, Superman, Green Lantern og The Flash er Kevin Conroy, Tim Daly, Nathan Fillion og Michael Rosenbaum.

I filmen møter Justice League-medlemene sitt livs motstand i ein fiende som kjenner svakheitane deira. Den 50 000 år gamle skurken Vandal Savage trugar å utrydde verda og starte opp att ein ny og primitiv siviliasjon.

Justice League: Doom er godt på veg til å vere blant dei mørkare superhelteforteljingane, men manglar indre konfliktar hjå superheltane. Dei kjempar mot ein felles og tydeleg ytre fiende, Vandal Savage. Våpenet hans mot dei enkelte spelar på psyken deira, men effekten er at dei blir fysisk lamma. Dette begrensar filmen til å bli reindyrka action.

Det er begrensa med overraskingar i ei historie om å hindre verdas undergang, men Justice League: Doom oppnår likevel spenning og dramatikk. God timing og ei truverdig historie med reelle truslar, alt sett i samanheng med DC-universet, gjer at filmen på 77 minuttar oppnår eit godt underholdningsnivå.

3/5

Om innlegget