Katakombene, eit mørkt kjellarlokale der vanndammane på golvet aldri tørkar opp. Eit avstengt område for resten av verda. Samlingslokale for ei lita gruppe filminteresserte norske bloggarar og andre ein gong i året, under kommandoen til Fred Ut. Ein laurdag i Skien utan anna enn film på programmet. Sjølv tok eg den grusomt lange turen frå Trondheim for andre år på rad for å sjå følgande filmar.
Eit par lenkjer: Fred Ut om Katakombene i ettertid, Espen Iversen likeeins. Skrytet deira speglar mine tankar veldig godt og sparar meg for skriving!
«The Sword Bearer» frå 2006. Ein mørk og dyster russisk film om ein mann med spesielle emner. Emner som lett kunne ha skapt ein superhelt i ei anna samanheng. Her møter me ein forstyrra mann på flukt frå politiet. Som med noko eldre russisk film er handlinga tydeleggjort med bilda. Men djubde manglar, både karakterar og historie føles litt platt. Trass i dette var «The Sword Bearer» ein fin start på dagen. Vurdering: 6/10.
Neste på programmet: Den japanske kortfilmen «Armchair Theory». Ei fantasifull vegleiing til korleis mannen skal få kontakt med ei kvinne, lagt opp med ein steg-for-steg del etterfulgt av punkta i praksis. Humoristisk vinkling og overdriving utan like, «Armchair Theory» er meint å vere og blir useriøs undervisingsfilm med eit snev av sanning. Vurdering: 8/10.
Kanskje min favorittfilm for dagen. Indiske «Kabul Express» handlar om to journalistar i Afghanistan, spela av to Bollywoodstjerner. Ingen typisk Bollywoodfilm. Fråver av dei tradisjonelle songnummer og ei lengde på halvannan time. Filmen klarar på ein fin måte å ta opp seriøs problematikk utan at det går på bekostning av ei god stemning, eller at det blir noko einsretta syn mot USA, Taliban eller andre. Vurdering: 8/10.
Som avbrekk før neste film stod «Doctor Who» med episoden «The Girl in the Fireplace» på programmet. Eg har sett eit par episodar tidlegare utan å bitt meg meir merke i serien. Eg blei derimot positivt overraska når denne episoden rulla over lerretet i Katakombene, dette var god tv! Fint drama, spennande, god struktur, «The Girl in the Fireplace» har vunne prisar og kan nok stå som eit sterkt eksempel på bra episodisk tv. Nesten som ein film med begrensa teknisk budsjett på 45 minuttar.
«The Ninth Configuration» var tredje langfilm, klokka var allereie blitt 17.45. Men så gjekk tida seinare. Filmen har kvalitetar; eit godt behandla tydeleg tema og mange gode enkeltprestasjonar. Det startar lett med humoristiske innslag i den militære psykriatiske institusjonen handlinga er lagt til, for så å flytte seg gradvis meir mot å vere alvorleg på eit semifilosofisk nivå. Gode vriar og hyggelege referansar bidreg til å heve kvaliteten. Problemet er at filmen tek seg altfor god tid til det meste og blir ei tålmodigheitsprøve utan like i Katakombenesamanheng. Vurdering: 6/10.
Nils J. Nesse hadde teke med seg kortfilmen sin «Refusert» som viste seg å vere veldig god. Kort sagt handlar det om manusforfattaren som gjer seg nytta av tilbodet frå Norsk Film Utvikling om prøverom (få manuset framført av etablerte skodespelarar).Fortfilmen var morosam og virka å vere godt likt av Katakombenepublikum. Eg skriv under på at dei tretti minuttane gjekk unna. Vurdering: 7/10.
«Teenagers from Outer Space» er ein av dei «verkeleg klassiske B-kalkunane» (sitert Fred Ut frå programmet). Simpelt handlingsforløp, dårlege skodespelarar, elendige effektar. Ingenting er på plass her, noko som sjølvsagt gjer det til strålandes underholding. Årets «Diabolik» blei det sagt. «Teenagers from Outer Space» ligg trygt nærare morosam dårleg enn kjedeleg dårleg. Greia med at romvesen utsjåandemessig lik menneske kjem til jorda for å oppdra dyr identisk utsjåande med hummer er god. Det er likevel skodespelarane si håndtering av dei som skapar mest latter. Til å vere ein film frå ein 50-pack som i tillegg innheld ein veldig grusom film om aliens og julenisse som Fred Ut viste meg deler av i fjor er eg fornøgd! Vurdering: 6/10.
Kort pause før «Running On Karma», som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, horror, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje. Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart «Running On Karma» i overkant av blanding, mot slutten heller slitsomt. Men den har kule slossecener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. «Exiled» hadde eg stor glede av tidlegare i år. Vurdering: 6/10.
«Faster, Pussycat! Kill! Kill!» kl. 00.40 var avslutningsfilmen og hadde overraskande god oppslutning, tross tidspunkt og mange firkanta auge. Sjølv har eg sett filmen før, utan å blitt overbevist om noko. Denne gongen fungerte den litt betre. Gjort merksam på det tekniske blei eg sittande å fokusere mykje på det, som fint kameraarbeid og stødig klypping. Bilkøyringa er kul, damene er tøffe, mennene er i blant undertrykkte, men aldri utelatt. Unekteleg trøytt kan vere litt av grunnen, men filmen nådde ikkje toppen på skalaen denne gongen heller. Vurdering: 7/10.

oktober 8th, 2007 at 01:46
Finfin oppsummering. Ser ut til at folk var omtrent så enige som jeg trodde om hva som var hva i år. Vi sees igjen i 08!
oktober 8th, 2007 at 19:11
Snart på tide at jeg får sett Running On Karma. Men Andy Lau i muskeldrakt er vel kanskje grunnen til at jeg ennå ikke har sett den filmen.
oktober 8th, 2007 at 19:56
Eg er vel endå fersk når det gjeld Johnnie To, men Exiled var jo ein kjempefilm. Muskeldrakt derimot, det kan bli litt.. rart.
oktober 8th, 2007 at 22:37
To har forsøkt seg på en rekke sjangere, men han er best på action/thriller. Men ved siden av Exiled så anbefaler jeg Election 1 og 2 (den første filmen er betraktelig bedre enn den andre), PTU, Turn Left Turn Right, Breaking News, Fulltime Killer, Running Out Of Time. Og ikke minst The Mission, siden du likte Exiled. The Mission er på en måte prequelen til Exiled.
oktober 10th, 2007 at 10:59
My Left Eye Sees Ghosts høyres artig ut, har sett The Eye filmane, og den første var jo ok.
Gratulerar med Mac-kjøp, dei blei vel minivarianten du snakka om?
oktober 10th, 2007 at 10:06
Var litt småskuffet over Election, og fikset ikke the Mission i det hele tatt, men jeg liker My Left Eye Sees Ghosts, en romantisk komedie / parodi på the Eye med Sammi Cheng. Også er jeg nysgjerrig på kungfufilmen hans, the Barefoot Kid. Running out of time må jeg også få sett.
Nå blir det Mac i løpet av uka forresten!
oktober 12th, 2007 at 08:47
Nei, fikk en brukt tolvtommers Powerbook for 5700.- , frakt inkludert.
http://brukt1.no/1/posts/1_Mac/2_B_rbare/5056_Powerbook_12.html
Ser grei ut til den prisen, den?
oktober 12th, 2007 at 09:51
Trur Powerbook fortsatt held god stand. Detaljane der var ikkje verst. Ser greiare ut ein enn mini, alltid fint med bærbar!
oktober 12th, 2007 at 19:02
Sånn jeg tenkte også, særlig når den faktisk hadde bedre specs (med mulig unntak av prosessor) enn minien som koster omtrent det samme. Men jeg er spent på om den drar Leopard greit.
oktober 16th, 2007 at 18:01
Fred Ut: Krav til Leopard: http://www.tuaw.com/2007/10/16/leopard-system-requirements/