Sjølv om ikkje alle Ghiblifilmane imponerar går eg til dei usette med forventingar. «Nausicaä» er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå, til stor glede innfridde den, mektig. Animasjonen flyt ikkje som i dagens produksjonar, men er upåklageleg storarta og detaljert. Universet handlinga føregår i er eventyrleg og tok gripetak på meg frå første stund, samtidig ligg det alvor i botnen av eventyret. Verda er trua av massiv forureining og naturen har reagert, det store spørsmålet er korleis menneska skal oppføre seg i forhold til desse reaksjonane.
I hovudrolla finn me den unge prinsessa i Vindenes Dal, Nausicaä, ei tøff jente og meister til å navigere eit krysningsfartøy av seglfly og hangglider, mykje action kan forventast i både lufta og på bakken. Filmen handlar om krig mellom menneske og mellom menneske og kjempeinsekt som erobrar stadig meir land. Behandla frå ståstaden til den unge jenta tek verken alvoret skade av eit barnleg sinn, heller den meir leikne tonen av alvoret, men som dei beste Ghiblifilmane gjer det, godt balansert, spennande, imponerande.
